Tilsynsfunksjonen er ei sentral rolle for Statens vegvesen i den reformerte bompengesektoren. Bompengeselskapa har no det heile og fulle ansvaret for bomstasjonane, både innkjøp, eigarskap og avvikling. Utferdarselskapa har ansvaret for AutoPASS-avtalane og kontakten med marknaden (brukarane), inkludert innkrevjing, kundeservice og informasjonstryggleiken knytt til AutoPASS-brikkene.

Denne åtskiljinga av rollene i bompengesektoren krev at det blir ført tilsyn med aktørane, og dette tilsynet er lagt til Statens vegvesen, Vegdirektoratet.

Grunnlaget for tilsynet er avtaleverket (bompengeavtalen, finansieringsavtalen, prosjektavtalen og utferdarforskrifta) og godkjenningar som er gitte til aktørene, inkludert godkjenning av nye bomstasjonar, nye utferdarar og tekniske krav til AutoPASS-brikkene.

Fråsegner frå tilsynet:
Tittel Dato
Utstederforskriftens krav til brikkegebyr 29. mars
2023
Om webkameraet på Kanalbrua 22. mars
2024
Sist oppdatert: