Om utferdarverksemda
Gjennom Bompengereforma vart det gjort tydeleg at utferdarrolla skal reindyrkast gjennom å skilje ho ut frå bompengeselskapa for å etablere uavhengige utferdarar. Ein utferdar er den som kan inngå brukaravtale med ein bilist om betaling av bompengar ved bruk av elektronisk brikke.
Fordelen med brukaravtale og brikke innan bompengeordninga er at det gir rett på rabattar og fritak etter takstretningslinjene. Utferdaren skal fungere som ein innkrevjar av bompengar for bompengeselskapa. Fordelen for bilistane er at alle bompasseringane blir samla på ein faktura. Det er utferdarselskapet som fordeler innbetalingane på bompengeselskap og prosjekt.
Det er fleire selskap som er godkjende som utferdarar i Noreg (AutoPASS-utferdarar). Det er opp til den enkelte bilist å velje det selskapet ein ønskjer å inngå brukaravtale med.
Utferdarselskapa er private selskap som blir drivne etter forretningsmessige prinsipp. Selskapa står derfor fritt til, gjennom brikka, å tilby tilleggstenester overfor kundane sine. For kva tilleggstenester som evt. gjeld utover bompengebetaling, viser vi til utferdarselskapa sine heimesider.
Når du har brukaravtale med eit utferdarselskap er det denne avtalen som regulerer forpliktingane og rettane dine når det gjeld betaling av bompengar. Om du ikkje har brukaravtale, betaler du bompengar etter faktura frå det enkelte bompengeselskapet. Plikta di til å betale er då regulert i om betaling av bompengar på offentleg veg.
Utferdarforskrifta regulerer det juridiske forholdet mellom det offentlege og utferdarane. Ho legg til rette for at alle aktørar som oppfyller gitte krav til godkjenning, vil kunne drive utferdarverksemd mot norske bompenge- og ferjeselskap. Utferdarforskrifta vart vedtatt 14. desember 2018 med ikrafttsetjing 1. januar 2019.