AutoPASS er ei samlenemning for alle tekniske løysingar relaterte til bompengeinnkrevjing på det offentlege vegnettet i Noreg. Systemet består av fleire delar eigde av ulike aktørar, d.v.s. samarbeidspartnarar som arbeider med bompengeordninga i landet.

Statens vegvesen har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å forvalte, føre tilsyn med og handtere tvistar mellom aktørane som verkar innanfor AutoPASS-systemet. Det inkluderer også samordningsoppgåver i AutoPASS Samvirke, drift og forvalting av det tekniske kjernesystemet som handterer registrering og innkrevjing av bompengar. 

Bompengeselskapa sin relasjon til Statens vegvesen er regulert gjennom bompengeavtalen og i føringar frå Samferdselsdepartementet. Utferdarselskapa si verksemd er regulert i forskrift (utferdarforskrifta), og dei må inngå utferdaravtale med alle bompengeselskap i Noreg for å kunne verke.

Hovudføremålet

Hovudføremålet med bompengefinansieringa er å finansiere planlegging og bygging av offentleg veg for å få til ei raskare utbygging av infrastruktur på veg. Dessutan kan bompengane på visse vilkår brukast til investeringar i faste anlegg for kollektivtrafikk på jernbane, inkludert sporvogn og tunnelbane. Som ein del av ein plan for eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, kan bompengane brukast til tiltak for å drifte kollektivtrafikk og bidra til utbygging av gang-og sykkelveg.

Det er også opna for at ein, i enkelte byområde, kan fastsetje takstane på ein slik måte at dei bidrar til å oppnå særskilte behov. Det kan innebere at takstane kan differensierast ut frå vekta og/eller miljøeigenskapane til køyretøyet, fastsetjast på ein slik måte at dei påverkar val av reisemiddel eller variere ut frå tidspunkt på døgnet. Sjå meir informasjon i Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 og veglova § 27.

Slik fungerer bompengeordninga:

1. Vedtak om bompengefinansiering

  • Først må det gjerast eit lokalpolitisk vedtak i aktuelle kommunar.
  • Bompengesaka, dvs. forslag til stortingsproposisjon, må førebuast av den aktuelle oppdragsgivaren, som er den som har ansvaret for å byggje ut aktuell vegstrekning, som Statens vegvesen eller Nye vegar AS for riksvegar og aktuelt fylke for fylkesveg.
  • Stortingsproposisjonen skal kvalitetssikrast av Statens vegvesen ved Vegdirektoratet, før han blir behandla i Samferdselsdepartementet og fremja av regjeringa for Stortinget.
  • Stortinget vedtar proposisjonen.

2. Bompengeinnkrevjinga

  • Det er fem fylkeskommunalt eigde bompengeselskap i Noreg.  
  • Bompengeselskapa har ansvar for finansiering av vegprosjekt med bompengefinansiering, for å etablere og drifte bomstasjonar og for innkrevjing av bompengar for kundar utan brukaravtale.
  • Bompengeselskapa avsluttar innkrevjinga når låna er nedbetalte eller når innkrevjingsperioden som det er gitt løyve til, går ut.
  • Utferdarselskapa er kommersielle selskap som krev inn betaling på vegner av bompengeselskapa frå brukarar av AutoPASS-systemet.
  • Utferdarselskapa er ansvarlege for etablering av brukaravtale, brikkedistribusjon til brukarar, oppfølging og fakturering av avtalekundane sine.  

3. Innkrevjingssystemet

  • Bompasseringane blir registrerte ved at køyretøyet blir identifisert med brikke, eller med bilete av registreringsnummer for dei som ikkje har brukaravtale.
  • Passeringane blir oversende til eit utferdarselskap, som fakturerer brukarar med avtale. Bompengeselskapa fakturerer brukarar utan avtale.

Fakta:

  • Alle bomstasjonar i Noreg er automatiske.
  • Det er fleire kategoriar bompengeprosjekt:
    • på vegstrekningar
    • ferjeavløysingsprosjekt
    • som del av bypakker
  • Takstskilt i byar er avgrensa, men blir brukt i stor grad på vegar utanfor og mellom byar.
  • Innkrevjing av bompengar kan gå føre seg etter, parallelt med eller før utbygging av eit bompengeprosjekt (etterskotsinnkrevjing, parallellinnkrevjing og førehandsinnkrevjing).
  • Brikker som er utferda av godkjende utferdarar, kan brukast i alle automatiske bompengeanlegg og som betaling av ferjebillett på enkelte ferjestrekningar i Noreg. Sjå autopassferje.no om kva ferjestrekningar det gjeld.
    Det er to typar AutoPASS-betaling på ferje, anten med AutoPASS-brikke eller med AutoPASS ferjekort, avhengig av kva ferjesamband som nytta.

For meir informasjon om resultata av ordninga viser vi til sida Årsapporter. 

Sist oppdatert: