Takstar

Kontakt eit bompengeselskap for å få informasjon om takstar.

Takstgrupper

Desse takstgruppene gjeld ved passering i bomstasjonar i Noreg:

Takstgruppe 1

  • Køyretøy med tillaten totalvekt inntil 3 500 kg, og alle bilar uavhengig av vekt i køyretøygruppe M1.
  • For at køyretøy over 3 500 kg i køyretøygruppe M1 skal inngå i takstgruppe 1, er det krav om gyldig brukaravtale og brikke i køyretøyet.

Takstgruppe 2

  • Køyretøy med tillaten totalvekt over 3 500 kg med unntak av bilar som er registrert i køyretøygruppe M1 med gyldig brukaravtale og brikke.
  • Obligatorisk brikke: Køyretøy over 3 500 kg som er registrerte på føretak eller blir brukte i næringsverksemd må ha gyldig brukaravtale og brikke. Les meir om obligatorisk brikke for tunge køyretøy

Takstgrupper ved miljødifferensiering

  • I anlegg som bruker miljødifferensiert takst kan det vere inntil fire ulike takstar for takstgruppe 1 og for takstgruppe 2.
  • Takstgruppe 1 blir delt inn i nullutslepp, ladbar hybrid, diesel og andre (bensin, gass, etanol etc).
  • Takstgruppe 2 blir delt inn i nullutslepp, ladbar hybrid, Euro VI og Pre-Euro VI.
  • Per januar 2022 er det miljødifferensierte takstar i Oslo, Bergen og Kristiansand (takstgruppe 2).

Utanlandske køyretøy må betale høgaste takst dersom køyretøyet sin euroklasse eller drivstofftype ikkje er registrert. Registrering kan gjerast hos:

  • Brikkeutferdar dersom du har brikkeavtale.
  • www.autopass.no/ed dersom du ikkje har brikkeavtale.

Les meir om unntak og fritak

Køyretøygruppe M1

Køyretøygruppe M1 inkluderer bilar for persontransport med maks åtte sitjeplassar i tillegg til førarsetet. Dei fleste bubilar, campingbilar og enkelte andre større personbilar er inkludert i denne køyretøygruppa.

Det er krav om gyldig brukaravtale og brikke for at bilar frå og med 3 501 kg i køyretøygruppe M1 skal inngå i takstgruppe 1.

Denne ordninga gjeld alle bompengeanlegg, med unntak av bompengar på ferjer. Sjå Ferje/AutoPASS

Norske bilar

Norske bilar i køyretøygruppe M1, med gyldig brukaravtale og brikke, inngår automatisk i takstgruppe 1 så lenge køyretøyet er riktig registrert i Autosys.

Utanlandsregistrerte bilar med AutoPASS-brikke

Eigarar av utanlandsregistrerte bilar i køyretøygruppe M1, med gyldig brukaravtale og brikke, må kontakte utferdarselskapet sitt for å sikre at dei blir belasta i takstgruppe 1.

Rabattar

Alle rabattar føreset gyldig brukaravtale og brikke. Alle med gyldig brukaravtale og brikke i takstgruppe 1 får 20 prosent rabatt på passeringar.

Kontakt eit bompengeselskap for å få informasjon om takstar. 

Nullutsleppskøyretøy

Med gyldig brukaravtale og brikke frå ein utferdar blir det gitt mellom 30 og 100 pst rabatt for nullutsleppskøyretøy. Storleiken på rabatten kan variere mellom dei ulike bompengeprosjekta. For meir informasjon om denne rabatten i eit konkret prosjekt, gå til heimesida til bompengeselskapa og søk opp prosjektet.

I bypakker med miljødifferensierte takstar, dvs. eigne takstklassar etter køyretøyet sitt drivstoff og/eller motoreigenskapar, gjeld fastsett takst for nullutsleppskøyretøy uavhengig av om du har gyldig brukaravtale og brikke. Ein får likevel brikkerabatt på 20 prosent for køyretøy i takstgruppe 1 ved gyldig brukaravtale og brikke. I tillegg kan gyldig brukaravtale og brikke opne for at køyretøy i takstklassen nullutsleppskøyretøy kan søkje om fritak.

Lokale variasjonar går fram av heimesida til bompengeselskapa.


Teikn avtale hos eit utferdarselskap. 

 

Sist oppdatert: